Full-time Posted June 17, 2026
Apply Now

Job Description

100% stilling som vernepleiar ved Mjøstølen avlastning

Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, søkjer ein engasjert og fagleg sterk vernepleiar i 100 % fast stilling ved Mjøstølen avlastning.

Mjøstølen tilbyr avlastningstilbod til barn og unge vaksne med ulike funksjonsvariasjonar. Vi har sterkt fokus på å skapa eit trygt, føreseieleg og utviklande miljø for brukarane våre, i tett samarbeid med deira pårørande. Lokala våre ligg sentralt i Odda, med kort veg til både vakker natur og offentlege tilbod.

Stillinga inngår i ei langvaktsordning med 12,5-timarsvakter og arbeid kvar 3. helg. Denne turnusordninga gir gode moglegheiter for lengre friperiodar, noko som legg til rette for ein god balanse mellom jobb og fritid.

Arbeidsoppgåver

  • Utøve målretta miljøarbeid og strukturere kvardagen ut frå brukarane sine individuelle behov og mål.
  • Bidra aktivt i eit tverrfagleg team internt, samt samarbeide med eksterne instansar ...

Apply for This Position

Ready to take the next step? Click the button below to submit your application.

Submit Application