Full-time Posted June 14, 2026
Apply Now

Job Description

Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til både skog, fjell og fjøre, som vi aktivt brukar gjennom heile året. Barnehagen har 83 barn og 24 tilsette, fordelt på fem basar. Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø prega av høg kompetanse, lang erfaring og stort engasjement. Vår visjon er: «Vi gjer kvarandre gode».

Vi søker deg som er ein trygg og tydeleg vaksen, og som møter barn med omsorg, leik og engasjement. Du trivst med å vere aktiv saman med barna og tek del i kvardagen med initiativ og glede. Samstundes bidreg du til eit godt samarbeid i personalgruppa og til eit positivt arbeidsmiljø. Det er viktig at du både kan arbeide sjølvstendig og vere ein god lagspelar. Hos oss får du høve til å vere med og skape ein trygg og utviklande kvardag for barna.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune med fokus på gode og heilskaplege tenester. Vi arbeider fleksibelt og på tvers for å sikre kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarand...

Apply for This Position

Ready to take the next step? Click the button below to submit your application.

Submit Application